PETOL AS
Opplæring på maskiner og utstyr sidan 1984
Kurssenter
UTLEIGE
bransikkerhet
Produkter
Kurs
Vi har moderne kurslokale på Husnes Industriområde i Kvinnherad kommune, godt tilrettelagde for både teori og praktisk opplæring.
Alle våre kurs kan gjennomførast på dagtid, kveldstid eller i helgar, slik at du kan finne ei løysing som passar din timeplan.
Vi tilbyr òg bedriftsinterne kurs tilpassa di verksemd sine behov. Dersom de ønskjer at vi kjem til dykk, legg vi til rette for kurs direkte på arbeidsplassen, slik at opplæringa blir mest mogleg relevant og effektiv.
Ta kontakt for å finne ut kva kurs som passar best for deg eller di bedrift!


Brannsikkerhet og produkter
Hos Petol AS set vi sikkerheit i høgsetet og tilbyr pålitelege løysingar innan brannvern. Vi leverer handsløkkjarar av høg kvalitet til både private og verksemder, i tillegg til eit variert sortiment av brannutstyr, førstehjelpsartiklar og fallsikring – alt du treng for å vere førebudd ved ein eventuell nødsituasjon.
For å sikre at utstyret alltid er klart til bruk, tilbyr vi både kontroll og vedlikehald av brannslangar, sløkkjarar, førstehjelpsutstyr og fallsikringssystem. Vi utfører òg service etter gjeldande standardar, slik at alt fungerer som det skal når det trengst.
I tillegg til kurs tilbyr vi kontroll og service på brannvernutstyr, serviceavtaler, samt salg av nytt brannvernutstyr og sikkerhetsskilt til både industri og sjøbruk (IMO).
Vi er registrert som kompetent virksomhet hos RVB (Rådet for vedlikehold av brannslokkemateriell). Har også godkjenning frå DNV IHHT til Class Programme DNV-CP-0624.
Enten du er ute etter nytt utstyr, service eller fagleg rettleiing, hjelper vi deg med løysingar som skapar tryggare omgjevnader. Ta gjerne kontakt – vi er klare for ein uforpliktande prat.
Utleige
Hos Petol finn du eit breitt utval av maskiner og utstyr tilpassa ulike behov. Enten du skal utføre vedlikehald, byggearbeid eller montering, har vi rett utstyr for jobben.
- Belteliftar er perfekt for område med avgrensa tilkomst eller ujamnt terreng. Desse gir stabilitet og god mobilitet, sjølv på utfordrande underlag.
- Tilhengermontert lift er ei fleksibel løysing som enkelt kan transporterast dit du treng ho. Ideell for både profesjonelle og private oppdrag.
- Sakseliftar er eigna for arbeid på jamnt underlag, der du treng ein solid og stabil plattform med god løftekapasitet.

Populære kurs

Truckførarkurs T1-T5
Neste oppstart 08.05.25 og 02.06.25

Løfteredskap G11
Neste oppstart 12.05.25 og 04.06.25

LASTEBILKRANKURS G8
Neste oppstart 12.05.25 og 04.06.25

Maskinførarkurs M1-M6
Neste oppstart 19.05.25